Mandag 11. september er det kommune- og fylkestingval. Viss du ønskjer det, kan du røyste på førehand. Du kan førehandsrøyste i den kommunen du sjølv ønskjer fram til og med 8. september.
Sist endra 29.08.2023 14:09
Ta med legitimasjon med bilete når du møter fram for å førehandsrøyste.
Viss du har fått tilsendt valkort, bør du laste det ned på telefonen og ta med dette og, sjølv om det ikkje er noko krav for å få førehandsrøyste. Har du spørsmål om valkortet så ta kontakt med din kommune.
I Årdal vil det vere mogleg å førehandsrøyste på følgjande stader:
I tillegg vil det vere førehandsrøysting på Årdal sjukeheim, Seimsdal sjukheim og ÅBO (Årdal bu- og omsorgssenter). Det vert sendt ut informasjon om dette til institusjonane.