Heimerøysting

Dersom du på grunn av sjukdom eller uføre er hindra frå å møte i lokale for førehandsrøysting eller på valdagen, så kan du søkje om å få røyste heime eller der du oppheld deg.

Det er ikkje nødvendig å søkje viss du er på institusjon der det er lagt til rette for førehandsrøysting.

Du kan søkje skriftleg eller via telefon. Oppgje fullt namn, fødselsdato og -år, samt kva adresse du er på. Du må og gje opp eit telefonnummer som me kan nå deg på.

Ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål eller ønskjer hjelp til å få søkje om å røyste heime.

Fristen for å søkje er torsdag 07.09.2023.

Søknad sender du eller ringer til:
Valstyret Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen

eller post@ardal.kommune.no eller telefon 57 66 50 00