Manntalet

For å kunne stemme ved valet til hausten må du stå i manntalet.
Du kan undersøke om du står i manntalet for kommune- og fylkestingvalet i kommunen der du bur, når det blir lagt ut til ettersyn rundt 10. juli.

Kunngjering om utlegging av manntal i Årdal kommune.

Manntalet vert lagt ut til ettersyn på følgjande stader:

  • Tenestetorget, rådhuset
  • Årdal bibliotek

Utleggingsmanntalet vil vere tilgjengeleg til og med valdagen. 

Viss du har flytta til ein anna kommune og melding om flytting ikkje er motteke i folkeregisteret innan 30. juni står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Da kan du enten førehandsrøyste, eller røyste på valgdagen i kommunen du er manntalsført i.

Valkort vert sendt ut elektronisk til dei fleste i alle kommunar. Du vil finne det i din digitale postkasse. På valkortet står det i kva kommune du er manntalsført, og det står kva krets du tilhøyrer og opningstiden i kretsen. Hugs å laste ned valkortet på telefonen og ta det gjerne med deg når du skal røyste. Du treng ikkje skrive det ut.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet for kommune- og fylkestingsvalet, eller du meiner det er andre feil i listene, kan du klage. Klagen skal vere skriftleg og den skal vere grunngjeven. Klagen sender du til valstyret i kommunen. 

Innføring i manntalet

Norske statsborgarar som er busette i utlandet, og som ikkje har vore registrerte i folkeregisteret som busette i Noreg ein eller annan gong dei siste ti åra før valdagen, må søkje om å bli innførte i manntalet for å kunne røyste ved valet. Søknaden må ha komme inn til valstyret i den kommunen du sist var registrert som busett i Noreg, innan dagen etter valdagen 12. september 2023 kl. 17.00.

Søknadsskjema for innføring i manntalet.

Klage over feil i manntalet sender du til:

Valstyret Årdal kommune
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen     

 eller på e-post: post@ardal.kommune.no