Kommune- og fylkestingval 2023Lytt til tekstenStopp avspillingMandag 11. september er det kommune- og fylkestingval. I Årdal vert det to valdagar, søndag 10. og 11. september. For å røyste på valdagen, så må du møte opp i den kommunen du er folkeregistrert i. Sist endra 13.07.2023 08:41 Tid og stad for røysting i Årdal finn du i oversikten under. Vallokaler Stad Opningstid Årdal kulturhus, Øvre Årdal Søndag 10. september kl. 12.00 - 16.00 Årdal kulturhus, Øvre Årdal Måndag 11. september kl. 09.00 - 19.00 Rådhuset, Årdalstangen Måndag 11. september kl. 09.00 - 19.00 Legitimasjon Hugs å ta med legitimasjon med bilete når du møter fram for å røyste. Viss røystemottakar ikkje kjenner deg så krev vallova at du må vise legitimasjon. Digitalt valkort Dei fleste får tilgang til digitalt valkort som du kan laste ned på telefonen din. Ta gjerne med telefonen med valkortet sjølv om det ikkje er noko krav for å få røyste. I god tid før valet vil du finne informasjon om vallokaler i kommunane på www.valglokaler.no.