Kommunestyret
Heimel for kommunestyret sitt mandat og delegering er kommunelova §5-3.
Årdal kommunestyre er øvste folkevalgde organ i Årdal kommune og har det øvste ansvar for tilsyn med den kommunale forvaltninga. Dei kan krevje alle saker lagt fram for seg til orientering eller avgjersle. Kommunestyret skal avgjere alle saker som gjeld vedtak av kommunale forskrifter, folkevald organisering, kommuneplan, kommunedelplanar, budsjett, økonomiplan, og saker som til ei kvar tid etter kommunelov, særlover og delegeringsreglementet er lagt til kommunestyret sjølv.
Kommunestyret skal alltid avgjere følgjande saker:
- Oppretting av nye tenester og vesentlege endringar eller nedlegging av eksisterande tenester
- Fastsette reglement, vedtekter og instruksar der slikt mynde ikkje er delegert
- Overordna arbeidsgjevarpolitikk og beredskap
- Fastsette kommunale avgifter og betalingssatsar som ikkje er regulert av anna lovverk
- Økonomiplanen og årsbudsjettet
- Årsregnskap og årsmelding
- Finansielle måltal for utviklingen av kommunen sin økonomi
- Reglar for økonomiforvaltningen (økonomireglement)
- Reglar for finans- og gjeldsforvaltningen (finansreglement) Kommunestyret delegerer mynde til politiske organ ut frå det enkelte organ sitt ansvarsområde i samsvar med reglementet.
Møteplan og møtedokument for kommunestyret finn du her
Møter i kommunestyret vert overført direkte og lagra i KommuneTV .
Tal medlemer i kommunestyret i Årdal er 21 der 15 representantar er frå Arbeiderpartiet og Høgre har 6 representantar.
Formannskapet
Møteplan og møtedokument for formannskapet finn du her
Formannskapet sine oppgåver er heimla i kommunelova §5-6. Tal medlemer i Årdal er sju; der Arbeiderpartiet har fem og Høgre to representantar.
Formannskapet har tilrådingsrett i alle saker som skal leggast fram for kommunestyret med unntak for saker som kjem frå kontrollutvalet eller i saker der kommunestyret har delegert dette til anna utval.
Formannskapet har spesielt ansvar for å arbeide med og tilrå i saker som:
- har store konsekvensar for kommunen sin økonomi
- saker som gjeld regionalt utviklingsarbeid og regionalt samarbeid 5
- saker som gjeld kommunen sine ulike eigarskap
- kommuneplanen sin samfunnsdel og relevante kommunedelplanar
Formannskapet gjev uttale på kommunen sine vegne i saker som ikkje er delegert til andre organ med delegert forvaltningsansvar. Formannskapet kan og gjere vedtak i saker som ikkje er delegert til andre utval eller til kommunedirektør, og etter ordførar si vurdering krev politisk handsaming, men ikkje så viktig at det må handsamast av kommunestyret.
Møter i formannskapet vert overført direkte og lagra i KommuneTV.