Kontrollutval

Kontrollutvalet skal på vegne av kommunestyret føre løpande kontroll med kommunen si verksemd. Det er for at innbyggarar og andre skal ha tillit til at kommunen leverer effektive tenester i samsvar med lover, forskrifter, statlege føringar og politiske vedtak.

PWC har sekreteriatsfunksjon for kontrollutvalet. Det er sekretariatet som er ansvarleg for innkalling og utsending av saksdokument.

 

Kontrollutvalet har fem medlemar.  Medlemar og varamedlemar av kontrollutvalet kan ikkje ha andre folkevalde verv enn det å vere kommunestyremedlem. Personar som har leiande stillingar i kommunale føretak og selskap kan heller ikkje veljast. Det same gjeld for tilsette i kommunen.