Planstrategi og planprogram
Planstrategien er ikkje ein plan, men eit verktøy for politisk styring og prioritering av planbehovet for gjeldande kommunestyreperiode. Når planstrategien er vedteken skal det utarbeidast planprogram for vidare arbeid.
Sist endra 10.03.2023 12:33
Planstrategi
Den kommunale planstrategien skal sikra overordna planlegging og sette lys på kva utfordringar knytt til tenesteyting, samfunnsutvikling, miljøutfordringar, klimaendringar og folkehelse kommunen ønsker å møta. Den kommunale planstrategien har to hovudføremål:
- Kommunen skal i planstrategien med grunnlag i utfordringar og utviklingstrekk synleggjere det samla planbehovet til kommunen
- Kommunen skal gjennom planstrategien ta stilling til om det er behov for revisjon av heile eller delar av kommuneplanen.
Planstrategien er eit politisk styringsverktøy som også skal ha som mål å følgje opp intensjonane i PBL § 3-1 om at:
- Planlegginga skal bygge på økonomiske og andre ressursmessige føresetnadar for gjennomføring og ikkje være meir omfattande enn naudsynt.
Kommunestyret vedtok 19. november 2020 ny planstrategi for Årdal for perioden 2021-2024. (PDF, 2 MB)
Planprogram
Utarbeiding av planprogram er lovfesta i plan og bygningslova § 4 - 1. Planprogrammet skal gjere greie for:
- Føremålet med planarbeidet
- Planprosessane med fristar og deltakinga
- Opplegg for medverknad, spesielt i høve grupper som vert vurdert til å bli særleg rørt
- Kva for alternativ som vil bli vurdert og behovet for utgreiingar