Utval for oppvekst og kultur

Det politiske arbeidet på nivået under kommunestyret er organisert som utval. Utvalet er saksførebuande organ for kommunestyret utan vedtaksmynde. 

Utval for oppvekst og kultur har seks medlemer valde av kommunestyret etter reglane i kommunelova. Medlemene av utvalet skal vere medlemer av kommunestyret. To av medlemene skal vere medlemer av formannskapet.

Utvalet skal gje innstilling til formannskapet i plansaker og saker som gjeld overordna retningsliner/regelverk innanfor utvalet sitt ansvarsområde. Utvalet skal ikkje handsame saker som er av rein driftsmessig karakter, eller saker der avgjerdsmynde er delegert til kommunedirektør eller formannskap.

Utvalet skal vere politisk styringsgruppe for prosjekt innanfor ansvarsområdet sitt. Dersom det er tvil om ei sak skal handsamast av eit utval, tek kommunedirektøren avgjerd i samråd med ordføraren.

Utval for oppvekst og kultur skal ha som ansvarsområde saker som vedkjem:

  • Grunnskulane og PPT
  • Barnehagane
  • Fritidstilbod til barn og ungdom
  • Frivillige organisasjonar
  • Musikk- og kulturskule
  • Kultursaker