Utval for teknisk og samfunnstryggleik
Det politiske arbeidet på nivået under kommunestyret er organisert som utval. Utvalet er saksførebuande organ for kommunestyret utan vedtaksmynde.
Utval for teknisk og samfunnstryggleik har seks medlemer valde av kommunestyret etter reglane i kommunelova. Medlemene av utvalet skal vere medlemer av kommunestyret. To av medlemene skal vere medlemer av formannskapet.
Utvalet skal gje innstilling til formannskapet i plansaker og saker som gjeld overordna retningsliner/regelverk innanfor utvalet sitt ansvarsområde. Utvalet skal ikkje handsame saker som er av rein driftsmessig karakter, eller saker der avgjerdsmynde er delegert til kommunedirektør eller formannskap.
Utvalet skal vere politisk styringsgruppe for prosjekt innanfor ansvarsområdet sitt. Dersom det er tvil om ei sak skal handsamast av eit utval, tek kommunedirektøren avgjerd i samråd med ordføraren.
Utval for tekniske tenester og samfunnstryggleik skal ha som ansvarsområde saker som vedkjem:
- Vatn og avlaup
- Renovasjon
- Brannvern og samfunnstryggleik
- Vegar, hamner og kaier
- Parkar og friområde
- Idrettsanlegg m.v.
- Kyrkjegardar
- Nærmiljøtiltak
- Tettstadutvikling
- Næringsutvikling
- Jord, skogbruk, jakt og fiske
Sist endra 02.11.2023 13:58