Årdal tenk tryggleik - Årdal Politiråd
Årdal vart godkjent som Trygt Lokalsamfunn i år 2000, og godkjent som trafikksikker kommune i 2016. Har blitt regodkjent i 2020 og sist no oktober 2023.
Det har vore god aktivitet i det førebyggande arbeidet både innan ulukker og kriminalitet, heilt sidan arbeidet starta opp med prosjektet Årdal Tenk Tryggleik i 1988. Politiet har heile vegen vore ein svært viktig samarbeidspartnar.
Mange årlege faste postar innan oppvekstområda, frå barnehagane til vidaregåande skule, er med på å bygge gode haldningar hjå born og unge.
Kriminalitetsstatistikken for kommunen vitnar om at arbeidet har effekt.
Styrande komite - Politiråd
- Ordførar
- Kommunedirektør
- Fabrikksjef Hydro Årdal
- Leiar Norsk Folkehjelp Årdal
- Leiar Årdal LO
- Politikontakt Årdal
- Ungdomsrådet
- Leiar Sivilforsvaret
- Kommunalsjef helse
- Koordinator
Årdal Tenk Tryggleik skal:
- Setja tryggleiksarbeidet på dagsorden for innbyggjarane i kommunen
- Vera "adressa" for innmelding av situasjonar, hendingar og forslag til endringar
- Førebygge og redusere ulykker i arbeid, skule, heim og fritid
- Samordna kompetansen til deltakarane i Årdal Tenk Tryggleik for å nå felles mål
- Arbeide for trivnad og større miljøforståing i kommunen
- Satse på kriminalitetsførebyggjande arbeid
- Drive aktiv trafikktryggleik i kommunen
Årdal tenk Tryggleik er adressa for innmelding av situasjonar, hendingar og forslag til endringar.
Saker som kan meldast inn:
- trafikkfarlege tilhøve
- hol i asfalten
- laus kantstein
- tre og busk som veks ut i veg Prosjektplan for Tenk Tryggleik
- gatelys som ikkje virkar
- skilt som er skada
- skade på rekkverk, gjerder og autovern
- manglande vegmerking (t.d. utslitne fotgjengarfelt)
- skjemmande bilvrak på offentlege plassar
- forsøpling og forureining (uoffisielle bossplassar)
- brannfarlege tilhøve
Er du i tvil om kva du kan melde inn, ta kontakt med koordinator. Årdal Tenk Tryggleik lovar å sjå på alle saker og alle som melder inn saker får ei attendemelding. Du kan og nytte Meld inn feil elektronisk.
Sist endra 21.10.2024 10:33