Arrangement og overnatting

Skal du arrangere festival, konsert eller anna i eit bygg som normalt har ein annan bruk? Eller skal du ha eit arrangement med overnatting i kommunalt bygg eller anna bygg som ikkje er berekna på overnatting?
Her er kva du må tenkje på og sende inn.

Arrangement utan overnatting:

Skal du arrangere festival, konsert eller liknande i eit bygg som normalt har ein anna bruk? Eller du skal kanskje arrangere overnatting på kommunal bygg eller andre bygg som ikkje er berekna for overnatting?

Informasjon om regelverk og korleis du melder til brannvesenet:

  • Den ansvarlige for store arrangementer, utstillinger, forestillinger, møter og andre tilstelninger skal i god tid før arrangementet sende melding til lokal tilsynsmyndighet, dersom arrangementet skal avholdes i et byggverk eller på et område som normalt ikke benyttes til denne type arrangementer.
  • Ved melding om arrangementer kan kommunen kreve de opplysninger som er nødvendige for å vurdere faren for brann, og fastsette de nødvendige brannsikringstiltak og begrensninger, herunder krav til ansvarshavende arrangør.
  • Kommunestyret kan gi lokale forskrifter med nærmere bestemmelser om meldeplikten.

Jamfør Brann- og eksplosjonsvernloven § 7 tiltak ved store arrangementer

Melding om arrangement må sendast til Årdal kommune seinast to veker før arrangementet og du kan sende meldinga til:

postmottak@ardal.kommune.no

Dette er kun ei varsling til kommunen om arrangementet, for at me er kjent med at det finn stad. Det kan bli uanmeldt kontroll og brannvesenet kan stilla strengare krav til sikkerheita.

Arrangør er ansvarlig for sikkerheita under arrangementet. 

Kva skal du sende inn

I meldinga må det leggast ved dokumentasjon som viser sikkerheitsnivået:

  • Opplysningar om type arrangement, tidspunkt for arrangementet, arrangør, ansvarshavande, kontaktinformasjon med meir.
  • Risikoanalyse.
  • Oversikt over personell, rutiner og ansvar. Gjennomført opplæring og øving.
  • Opplysninger om vakthald (tal vakter, plassering av vakter med meir.).
  • Kart over området med innteikna eventuelt telt, avsperringar med meir. Ut frå kartet skal brannvernet kunna vurdera innsats, avstand til andre bygningar, plassering av rømningsvegar i forhold til omgivnad med meir.
  • Prosedyrar for evakuering

Arrangement med overnatting:

Skal du ha arrangement med overnatting på kommunal bygg eller andre bygg som ikkje er berekna for overnatting?

Da må du varsle brannvernet om overnattinga ved å fylle ut eige skjema.

Følgjande punkt må vere på plass før overnatting kan finne stad:

  • Brannvernet skal ha melding i god tid (minimum 2 dagar før) om overnatting,  kvar i bygget det vert overnatta og tal personar som overnattar.
  • Det skal vere minimum 1 ansvarleg tilstades til ei kvar tid og brannvernet skal ha telefonnummeret til den ansvarlege.
  • Utleigar må gjennom regelverk sikre at overnatting vert utført på ein tilfredstillande måte.
  • Det skal vere seriekopla røykvarslarar i alle rom som vert nytta om ikkje bygget har brannvarslingsanlegg.
  • Rømmingsvegar skal vere rydda, rømmingsplanar og sløkkeutstyr er gjort kjent for leigetakarane.
  • Alle skal møte på møteplass ved brannalarm, ansvarleg skal syte for at 110 vert varsla, ha oversikt og informera brannvernet når dei kjem.

Og du sende melding til brannvernet om arrangementet med Melding til brannvern om overnatting

Har du spørsmål?

Gaute Johnsgaard
Brannsjef
E-post
Mobil 90 11 62 65
Svein Ove Åmås
Branninspektør
E-post
Mobil 97 57 84 90