Brann og redningsberedskap
Brannberedskapen har ansvaret og ivaretek brannvesenet sin direkte innsats ved brann, ulykker og akutt forureining i regionen.
Oppgåvene til beredskapen er innsats ved brann og ulykker. I tillegg kjem andre typer redningsoppdrag, samt ei rekke vedlikehaldsøvingar og undervisningsoppgåver.
Beredskapsavdelinga er bygd opp kring tre brannstasjonar i vårt ansvarsområde, slik at innsatstid og tilgjengeleg førsteinnsatsstyrke vert optimal. Brannberedskapen er bygd opp av deltidsmannskap med ulike vaktordninger. I Årdal er det etablert samarbeid med Hydro for å sikra best mogleg brannberedskap for industrianlegga og kommunen sine innbyggarar.
- Avdelinga har ansvar for ROS, beredskapsanalysar, beredskapsplanar og HMT.
Mannskapa er utstyrt med nødnettradio og rykker ut når alarmen går i ansvarsområdet.
Oppgåver ved brann, ulykker, klimabaserte hendingar og naudhjelp.
- Brannslokking
- Røyk-, gass-, og kjemikaliedykking
- Assistanse ved trafikk- og tunnelulykker
- Frigjering av fastklemte personar
- Overflateredning
- Akuttberedskap ved ureining på land og sjø i eigen kommune og gjennom IUA (Interkommunalt utval mot akutt ureining)
- Bistand til politi, helse
- Bistand til andre kommunar
Det er til ein kvar tid eit vaktlag i beredskap, samt innsatsleiar som har heimevakt.
Årdal brann og redning er utstyrt med to mannskapsbilar, tankbil, brannlift og mindre redningsbilar. I tillegg har me båt, pumper, slangemateriell og diverse utstyr til andre oppdrag. I Lærdal er det 1 mannskapbil, tankbil, redningsbil og framskutteining.
Ved brann eller ulykker ringer du 110 og får hjelp av oss.
Sist endra 30.04.2024 09:32