Redusert parkeringskapasitet på Jotunplassen

Tesla har gjort avtale med Årdal kommune om leige av grunn til ladestasjonar for el-bilar på Jotunplassen i Øvre Årdal.

Formannskapsmøte 23. mai

Det er formannskapsmøte torsdag 23. mai kl. 12.00 i kommunestyresalen.  Du kan følgje møtet direkte på KommuneTV

Lærar i Vaksenopplæringa

Årdal vaksenopplæring har ledig 100% fast stilling som lærar og eitt vikariat i 30% stilling for skuleåret 24/25 begge stillingane med tiltreding frå 01.08.2024. Søknadsfrist 30. juni.

Biologar på feltarbeid i elvar

Kommunen deltek saman med andre kommunar langs Sognefjorden i eit samarbeid med fylkeskommunen og Statsforvaltaren om å undersøke fleire elver og innsjøar.  Undersøkingane vil gje svar på kva for miljøtilstand vassførekomstane våre har og gje ein peikepinn på eventuell ureining.

Møkkadag - fagdag om gjødsling - 3. juni

Kvar: Fjelly på Borgund og gjødselkjellaren i nye fjøsen til Torfinn Skårheim             Tid: Måndag 3. juni, klokka 17.00-20.00.

Kommunen ventar med å slå plenane

La humla suse. Lyden av sommar held på å stilna.

Klimasamarbeid med Hydro og kommunen

Med utgangspunkt i industrikommunen Årdal skal Noradapt bidra til å utvikle ein ny, samla metode for å vurdere risikoen som følgjer med både klimaendringar, tap av naturmangfald, og omstilling av samfunnet. – Så vidt vi har klart å finne ut, er det aldri laga en slik metode før, seier Noradapt-leiar Carlo Aall.

Treffcafe for pårørande

Det blir treffcafe for pårørande til personar med demens/kognitiv svikt. 30. mai kl. 17:00 - 19:00. Påmeldingsfrist 21. mai.

Varroa påvist i Lærdal

Mattilsynet har påvist varroamidd i bifolk i Lærdal. Utbrotet blir handtert lokalt. Har du bier, kan det vere lurt å sjekke om du er råka. 

Representantskapsmøte for Alarmsentralen IKS - ope møte

Klokka 09:00 tysdag 7. mai skal det haldast representantskapsmøte for Alarmsentralen IKS. Møte er opent for offentlegheita og kan følgjast på denne linken. Klikk her for å bli med i møtet