Kommunen ventar med å slå plenane

La humla suse. Lyden av sommar held på å stilna.

I Norge er heile 30 % av villbiene og 22 % av sommarfuglane oppført på raudlista for truande artar. Det betyr at desse artane står i fare for å døy ut.
Ein tredel av maten me et kjem frå plantar som er pollinert av insekt.

Miljøorganisasjonen WWF har for tida ein kampanje gåande, der dei ber om å gjera hagane våre villare og la vekstar som løvetann gro.

Om du vil vera med på kampanjen kan du registrera kor mange kvadratmeter du har vore med på.