Ledig stilling, er du vår nye fastlege?
Rett lege på rett stad: Velkommen til oss. Søknadsfrist 6. mai 2024.
Er du jakt etter dyktige og gode kollegaer i eit triveleg arbeidsmiljø?
Ønsker du deg ei passeleg listelengd og ryddige arbeidsforhold med faste administrasjonsdagar?
Vil du helst ha fastlegeløn? Eller har du lyst til å vera sjølvstendig utan krav om å kjøpa deg inn i privat praksis?
Då er Årdal det rette for deg!
Me har ledig fastlegeheimel i moderne og veldrivne lokale ved Årdal legekontor.
Her held etablerte legar og turnuslegar til i same miljø, saman med eit solid kollegium av anna helsepersonell.
Det er 7-delt daglegvakt på kontoret i Årdal, i tillegg til at Årdal har 12-delt vaktturnus i interkommunal legevakt ved Lærdal sjukehus med varierte arbeidsoppgåver og breitt fagmiljø.
Kombinasjonen av storslagen natur med fjord og fjell og mangfaldig tilbod av kultur- og fritidstilbod, gjer Årdal til ei perle av eit lokalsamfunn der du vil bli godt motteken.
Me syter for bustad og har dessutan tilflyttarteneste som hjelper til med å finna jobb til ektefelle/sambuar og koble dykk på eventuelle fritidsinteresser.
Du finn meir informasjon om stillinga her
Sist endra 15.04.2024 08:23