Diesellekkasje i Indre Ofredal

Oppdatert 5. november kl. 13.40:
Doble lenser er forankra rundt det forureina området og blir liggjande til fredag. Området blir følgt opp og kontrollert jamleg.

Lensene absorberer diesel frå vassoverflata og blir deretter levert til godkjent mottak som farleg avfall.

Beredskapen har rykka ut til ein diesellekkasje i Indre Ofredal. Det er usikkert kor stor lekkasjen er, men per no er det eit estimat på at 500-1000 liter har rent ut i fjorden.

Alt tilgjengeleg mannskap og lenseutstyr er på plass og i arbeid på staden for å avgrense utsleppet og redusere miljøpåverknaden.

Det vil òg kome bistand frå Interkommunalt utval mot akutt forureining (IUA) og Lærdal brannvesen etter kvart.

Me oppdaterer med meir informasjon når dette ligg føre.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete