Hagesesongen er i gang - ver så snill og ta omsyn til naturen.

No er hagesesongen i gang, og alle hageeigarar har ansvar for å ikkje kaste avfall i naturen eller spre framande artar. Hagevettreglane bidreg til å verne naturmangfaldet og hindre at skadelege artar spreier seg i norsk natur.

Ikkje kast hageavfall kvar som helst

Ikkje kast hageavfall i naturen, langs vassdrag eller i fjorden. Hageavfall har svært uheldige konsekvensar for naturmangfaldet. 

Hageavfall er gratis å levere på Simas sine hageavfallsplassar. 

Svartelitsta artar må du vere obs på. Desse skal ikkje kastast i lag med vanleg hageavfall. Pakk det i ein tett pose og lever på miljøstasjonen i restavfallscontaineren. Merk at dette restavfallet er gratis å levere. Har du plass i restavfallsdunken din heime, kan du hive svartelista artar der. Hageavfall som blir levert til gjenvinning, blir kompostert, og difor skal du ikkje levere framande planteartar saman med anna hageavfall. Då risikerer du at dei spreier seg.

Meir info på simas sine sider

Bli kjend med hagen din -  ta omsyn til framande artar

Fleire hageplantar utgjer ein risiko, fordi dei kan konkurrere ut artar som allereie finst i norsk natur. Døme på slike plantar er hagelupin, rynkerose, kjempespringefrø og parkslirekne.

Du kan behalde alle plantane i hagen din, inkludert framande artar. Framande artar er artar som ved hjelp av menneske er spreidde utanfor sitt naturlege utbreiingsområde og har evne til å spreie seg vidare. Slike artar blir rekna som ei av dei største truslane mot naturmangfaldet globalt.  Vis hensyn til naturen rundt deg, fjern alle framande artar som rømmer fra hagen din. 

Framande artar