Influensavaksine

Med årsak i produksjonsutfordringar hjå enkelte vaksineprodusentar vert utsendinga av vaksiner i år forsinka. 

Årdal kommune vil truleg få levert vaksiner i slutten av veke 46 og får ikkje sett i gang med vaksinering før i veke 47. Men dette vert ikkje endeleg bekrefta før i månadskiftet september/ oktober.

Les meir om influensavaksinar og risiogruppar her på heimesida vår eller vaksiner på fhi.no.

Vaksinasjonsdatoar:

Måndag 16. november Kl. 09:00 til 15:00
Tysdag 17. november Kl. 09:00 til 18:00
Onsdag 18. november Kl. 09:00 til 18:00
Torsdag 19. november Kl. 09:00 til 15:00
Fredag 20. november Kl. 09:00 til 12:00
Onsdag 25. november Kl. 09:00 til 15:00
Onsdag 9. desember Kl. 09:00 til 12:00

Me har andre oppgåver på venterom og helsestasjon utanom desse tidene, me ber dykk difor respektere oppsette tider.

Prisen for vaksinar kjem det informasjon om når vaksineringa nærmar seg.

Vaksinering skjer på helsetestasjonen, Jotunvegen 4.

Ved spørsmål, ta kontakt med helsestasjonen tlf 57 66 50 20