På slutten av 2024 vart det sett eit prosjekt, som no har levert utkast til veteranplan for Sognaregionen. Utkastet vert lagt ut på høyring. Etter høyringa skal eventuelle innspel handsamast og leggast fram for styret i Sogn kommunalt oppgåvefellesskap, før det skal til handsaming i kommunestyra i Sogn.
Kva er ein veteranplan
Ein veteran er alle som har gjort teneste i Forsvaret – både i internasjonal og nasjonal teneste – inkludert førstegongsteneste, anten militær eller sivil.
Ein veteranplan er eit politisk vedteke styringsdokument som skal sikre at kommunen eller regionen har ein tydeleg, forutsigbar og samordna måte å følgje opp veteranar og deira familiar på. Planen klargjer roller, ansvar, tilbod og rutinar, og skal bidra til at veteranar får god oppfølging uavhengig av kvar dei bur eller kva dei har behov for.
Ein veteranplan styrkjer samarbeidet mellom kommunar, Forsvaret, helsetenester, NAV og frivillige organisasjonar, og fungerer som eit verktøy for både tenesteytarar, politisk leiing og veteranar sjølve.
Overordna mål:
- Anerkjenning: Synleggjere og verdsetje innsatsen til veteranar.
- Felles ivaretaking: Heilskapleg og koordinert tenestetilbod i regionen.
- Styrka kunnskap: Kompetanseheving hos tilsette og veterankontaktar.
- Informasjon og medvit: Felles plattform for kunnskapsdeling og synleggjering.
Tiltaka omfattar markeringar (8. mai, FN-dagen), etablering av veterankontaktar, psykisk helsehjelp, kompetanseheving, og årleg revisjon av planen.
Høyringsdokument
Høyringsdokument - veteranplan Sognaregionen (PDF, 672 kB)
Frist for uttale
Det er høve til å komme med uttale til planforslaget. Høyringsfrist 30. april.
Uttale må vere skriftleg og kan bli sendt til postmottak@ardal.kommune.no eller til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen.