Årdal Brann og redning skal ha øvelse i utrykningskøyring

Årdal Brann og redning skal ha opplæring i utrykningskøyring i veke 22, fra mandag 27 mai – torsdag 30.mai

 

 

 

 

 

 

 

Me køyrer da rundt i distrikta våre i Årdal og Sogn. Me skal køyre mest mogleg skånsomt, men det er svært viktig at me får gjera denna treninga.

-Det er eit forskriftskrav at me har oppæring og vedlikehaldstrening i å køyre utrykning med godkjente instruktørar frå Bergen brannvesen.

Det blir brukt blålys og sirener, og derfor når de kan koma til møta på oss i trafikken her, så er det eit par ting som er viktig å hugsa på:

-Andre bilistar må gi seg til kjenne at de har sett at me kjem med blålys bak, ved at de plasserer dykk til siden og slipp oss fram. Men det er viktig å ikkje bråstoppe, men at ein følgjer med i speglane og viser at de har sett oss. Er det trangt eller uoversiktlig, som i svingar, må de fortsette kursen framover, og ikkje stoppe der det er vanskeleg eller farleg å køyra forbi. Da er det betre at de fortsett til de kan køyra ut der det er trygt.

Årdal brann og redning