Årdal er ein trygg og god plass for unge å vekse opp i!

Det er konklusjonen etter gjennomgang av resultata frå Ungdata undersøkinga.

I februar i år, vart det gjennomført Ungdata undersøking i Årdal. Ungdata er eit spørjeskjema som gir eit breitt bilete av korleis ungdom har det og kva dei driv med på fritida.

I perioden 2010 – 2024 har om lag  845 000 ungdommar i Norge delteke i Ungdata. Nytt frå 2021, er juniorundersøkinga, der 5. – 7.klasse deltek. Årdal har svært høg svarprosent i undersøkinga. Det er gledeleg.

Den 28. mai hadde vi besøk av Korus Bergen, ved Reidar Dale og Kristian Hartveit som presenterte Ungdata tala for oss i kulturhuset. For å få til ei brei og lik innføring i kartlegginga samla vi representantar frå ulike kommunale instansar, den vidaregåande skulen, politikarar, politiet, lag og organisasjonar, herunder representert med begge idrettslaga i kommunen. 

I tillegg deltok 9 engasjerte og flotte ungdommar frå elevråda og ungdomsrådet. . «Der ungdom blir diskutert, skal ungdom vere med å diskutera!» .

I presentasjonen går det fram at unge i Årdal er godt nøgde med livet sitt og har det bra. Meir nøgde enn i 2021. Det er høg grad av deltaking i organisert fritid. Tidsbruk på skjerm er høgre hjå oss enn Vestland og landet elles – det gjeld meir bruk av elektroniske spel og sosiale medier enn snittet i andre kommunar. Dei aller fleste er godt nøgd med foreldra sine. Nokre unge melder om utfordringar knytt til søvn og bekymringar. Dette ser ut til å stabilisere seg noko frå 2021 til 2024. Særleg i den vidaregåande skulen ser desse tala betre ut.

Resultata må tolkast lokalt, og dei gir ein peikepinn på kva område vi må satse særleg på i tida framover. I tillegg til å få framlagt talmateriale arbeidde vi difor i grupper. Vi drøfta følgjande utfordringar:

«Kva tema/område tykkjer de det bør satsast på no framover, for barn og unge i Årdal kommune? Forslag til korleis denne satsinga kan gjennomførast og kven som skal ta del i satsinga?

I gruppedrøftingane var det mykje engasjement. Ideane var mange og drøftingane var innhaldsrike. Desse skal følgjast opp vidare. Dei tiltaka som fungerer godt skal forsterkast. Ulike einingar vert involvert på ulike tiltak. I tillegg til ungdommar og foreldre. Vi skal sikre gode tiltak på alle dei sentrale områda: heim, skule og fritid.

Takk til alle som bidrog til at dette vart ei interessant og god samling- særleg takk til dei flotte ungdommane!

 

Resultat frå undersøkinga:

Ungdata junior (PDF, 850 kB)

Ungdata ungdomstrinnet (PDF, 699 kB)

Ungdata vidaregåande (PDF, 732 kB)