Årdal regodkjent som trafikksikker kommune
Årdal kommune fekk i dag, 4, oktober, besøk av Trygg trafikk som kunne gratulere kommunen med tre nye år som trafikksikker kommune.
Sist endra 04.10.2023 15:40
Årdal kommune vart godkjent som trafikksikker kommune i 2017 og er no regodkjent for tre nye år. Før godkjenningen er det blitt jobba målretta med trafikksikkerheit gjennom Årdal tenk tryggleik.
Trygg trafikk har utarbeida ei rekkje kriterier som kommunen må oppfylle for å bli godkjent som trafikksikker kommune. Kriteria stiller krav til dokumentasjon frå dei ulike tenestene i kommunen, mellom anna i skulane og barnehagane.
Representantar frå kommunen, politi, Trygg trafikk og Vestland fylkeskommune kunne i dag markere at Årdal er regodkjent som trafikksikker kommune i tre nye år.