Årdal Tenk Tryggleik deltok på Trafikktryggingskonferansen 2024
Årdal Tenk Tryggleik deltok på Trafikktryggingskonferansen 2024 på Vestlandshuset i Bergen denna veka.
Sist endra 04.12.2024 09:11
Konferansen er ein del av Trafikktryggingsutvalet sitt arbeid med å vidareutvikle det regionale trafikktryggingsarbeidet. Det er ein møteplass for dei ulike aktørane i fylket, som gir høve til å utveksla erfaringar, bygge kunnskap og styrke samordninga og arbeidet mot nullvisjonen.
Årdal kommune vart trekt fram, og dei har høyrt mykje bra om arbeidet me gjer med Årdal tenk tryggleik, og at det er nyttig for dei andre kommunane i fylket å få innsikt i dette arbeidet me gjer.
Takk til Vestland Fylkeskommune for invitasjonen til detta viktige arbeidet. Og gratulerar til Vassenden skule med trafikktryggleiksprisen 2024.