Årets Årdøl - Even Gundersen Vee
Prisvinnaren er ein stillfaren kar som ikkje er spesielt glad i merksemd kring eigen person.
Ein viktig motivasjon for Årets Årdøl er at innsatsen og aktiviteten er viktig for å skapa bulyst og trivsel i Årdal og at dette igjen er med på å rekruttera og behalda innbyggjarar.
Da Årets Årdøl overtok som leiar i skigruppa for fem-seks år sidan, vart det lagt ein langsiktig plan for å utvikla Seimsåsen som friluftsområde.
Det handlar om å setta framtidsretta tankar ut i live som i stor grad handlar om å fremja trivsel og folkehelse for alle i Årdal.
Prisvinnaren har stått i spissen for planen som for det første handla om å få på plass ny løypemaskin til 1,2 millionar kroner, slik at ÅTIL kan halda fram med å drifta Seimsåsen til det beste for alle i Årdal og skiløparar frå heile fylket som kjem hit for å konkurrera.
Ny løypemaskin kom på plass i 2022 etter grundig arbeid og innsats for å få finansiert dette viktige utstyret.
Men, prisvinnaren har vore aktiv pådrivar i fleire prosjekt:
- Utskifting av 4,2 kilometer lysløype med LED-lys. Dette har vore ein lang og omstendeleg prosess.
- Frisbeegolfbane på Seimsåsen som er eit veldig populært tilbod og som folk i alle aldrar kan nytta seg av. Frisbeegolf-anlegget opna på Seimsåsen 12. oktober i år.
- Mobildekning på Seimsåsen ved hjelp av ny basestasjon frå Telenor
Det at det no er mobildekning på Seimsåsen gjer at alle som ferdast her, kan gå trygt og vita at det er mogleg å tilkalla hjelp dersom ein treng det.
Under opninga framheva dekningsdirektøren i Telenor nettopp prisvinnaren sin innsats i dette prosjektet. «Det som er heilt vesentleg her, er eldsjeler som prisvinnaren, som held fast i prosjektet», slo han fast.
Fokuset prisvinnaren har er å driva fram utviklinga av Seimsåsen som eit teamwork, men arbeidet gjere seg ikkje sjølv. Han har lagt ned eit uttal timar på organisering og fysisk dugnadsarbeid for å få dette til.
Dette handlar ikkje berre om idrett og fysisk fostring, dette er prosjekt som fremjar friluftsliv og folkehelse - og gjer sitt til at endå fleire kjem til å ta området på Seimsåsen i bruk.
Det skapar bulyst og trivsel i Årdal.
Med prisen er det eit diplom laga av Reidun Vinda og kroner 5.000,-
Kulturprisen 2024 - Anne Kauppi
Det er vanskeleg å skildra prisvinnaren sitt engasjement med få ord, ikkje minst fordi det strekk seg over så mange tiår.
Sjølv om prisvinnaren sine eigne born for lengst er blitt vaksne, er engasjementet like stort med å engasjera seg, og jobba for å legga til rette for eit godt og breitt aktivitetstilbod for born og unge i Årdal. Prisvinnaren jobbar på tvers av ulike lag og organisasjonar og fremjar samarbeid - alt for å syta for at den som ynskjer det, skal ha tilbod om eit fellesskap ein kan vera ein del av.
Prisvinnaren fortener denne heideren for all den innsatsen som er lagt ned for lokalsamfunnet gjennom mange, mange år. Fellesskap og lagånd fremjar samhald og dugnadsånd - engasjement må vidareførast gjennom generasjonar. Der er prisvinnaren utan tvil ein føregangsfigur og eit døme til etterfølging for oss alle.
I dag er prisvinnaren leiar i ÅTIL si handballgruppe som samarbeider tett med IL Jotun. – no begynnar det vel å gå opp for dykk kva som kjem…. :)
Ho er i tillegg kasserar i hovudstyret, noko ho har vore gjennom dei siste 20 åra
Prisvinnaren har jobba med born og unge, og lag og organisasjonar i ein «kvinnsalder». Ho har følgd opp sine eigne fire born og andre sine born gjennom ulike verv i laget, både som trenar, lagleiar, oppmann, bussjåfør og styremedlem. Du finn ho på dugnad for alle som spør, det vere seg handball, fotball, turn, symjing, hundestemner og meir til. Lista er utømmeleg.
Prisvinnaren har med seg heilskapstanken om å skapa eit best mogleg, og breiast mogleg tilbod til born og unge i bygda vår.
Det at prisvinnaren er ein av få æresmedlemmer i ÅTIL i dag, seier ein del
Med prisen er det eit diplom laga av Reidun Vinda og kroner 5.000,-
Ungdommens kulturstipend 2024
Prisvinnaren starta alt som treåring med folkedans, deretter vart det turn - og moderne ballett starta ho med då ho var sju år. Då hadde ho profesjonell instruktør og trena kvar dag i veka fram til ho flytta til Noreg.
Prisvinnaren er født i 2010 i Kiev, Ukraina – ho og mor kom til Noreg i 2022. Først på mottak i Kongsberg deretter flytta dei til Årdalstangen.
Ho starta opp hjå Leyeune Avdal ganske raskt. Etter dei vart kjende har ho teke eksamen på The Royal Academy of Dance no i mai 2024. Der nådde ho høgt opp blant ungdom på same alder.
Før ho kom til Noreg trena ho mykje og ho har vunne fleire konkurransar i Ukraina.
Den moderne balletten i Ukraina er meir akrobatisk dans enn det vi er van med i Norge, seier dei som veit meir om dette.
Prisvinnaren deltek på trening i Sogndal saman med Leyeune fleire gonger i veka, dette er i tillegg til treninga i Årdal.
Neste utfordring for ho er å delta på workshop når International Festival Ballett kjem til Sogn.
Årdal kommune håpar at Ungdommens kulturstipend vil vere ein inspirasjon til vidare satsing innan balletten.
Med prisen er det eit diplom laga av Reidun Vinda og kroner 15.000,-