Årets Årdøl, Kulturprisen og Ungdommens kulturstipend 2023

Då var det den tida av året igjen, nytt kommunestyr hadde idag gleda av å dele ut dei jevaste prisane ein kan dele ut i Årdal kommune.

Ungdommens kulturstipend 2023

For fjerde år på rad delar Årdal kommune ut Ungdommens kulturstipend. Iår blei stipendet delt ut til:

Leander Sem-Johansen Øy, sjølv om starten på fotballkarriera er fylt med freistingar for å få han til delta på trening, så har det ført fram. Debuterte i ein alder av 14 år go 122 dagar i buret på ÅFK-buret i sin fyrste seniorkamp og held fram til han no spelar på Sarpsborg 08. Og dei har forlenga kontrakten med han fram til utgongen av 2026-sesongen. Og tross i sin unge alder kan han i tillegg vise til seks kampar på høgaste nivå i norsk fotball. Banas beste i kampen mot Brann i vår og debut på U21 landslaget i juni 2023. 

Ungdommens kulturstipend blei motteke av foreldra, Beate Sem-Johansen og Ivan Øy - Klikk for stort bileteUngdommens kulturstipent blei motteke av foreldra til vinnaren: Beate Sem-Johansen og Ivan Øy

Ungdommens kulturstipent er på 15000 kr. i tillegg til ein diplom frå den lokale kunstnaren Reidun Vinda. Kulturstipendet blei motteke av foreldra til vinnaren. 

Kulturprisen 2023:

Oddgeir Øren:  Med ein brei deltaking innan musikk og idrett sidan 1960 har Oddgeir gjort mykje for kulturlivet i Årdal. Med sitt store engasjement og mangfaldige kunnskap, har mennesket, musikaren, dirigenten og idrettskaren vore ein uvurderleg ressurs for musikkmiljøet og lokalsamfunnet i Årdal i to mannsaldrar. Han er ein ukueleg, kreavtiv og inkluderande optimist som alltid ser løysningar der dei fleste av oss ser hindringar. Denne innsatsen er mellom anna avgjerande for at det er korps på Årdalstangen idag.

Kulturprisen 2023 gjekk til Oddgeir Øren - Klikk for stort bileteKulturprisen 2023 gjekk til Oddgeir Øren. Lene Risløw

Kulturprisen er på 5000 kr. i tillegg til ein diplom frå den lokale kunstnaren Reidun Vinda.

Årets Årdøl 2023:

Sist, men ikkje minst, blei den jevaste prisen, Årets Årdøl, delt ut.

Farnes skulemusikk: representerar sju tiår med musikantar som har gått framfor i marsjtakt. Ei gruppe musikkglade vaksne og unge med stort mangfald som stiller opp for bygda på fleire ulike og viktige samanhengar - og har i årevis profilert bygda på ein flott måte. Dei har vunne kongemedaljen i korps for sin divisjon i 2017 og 2018. Dei fylte 70 år i 2022 med feiring gjennom heile året. Dei er eit fast og naudsynt innslag til 17. mai i toget i Øvre Årdal og på arrangement i Tangenhallen.  Under koronapandemien marsjerte dei trufast gjennom gatene på 17. mai, til stor glede for innbyggjarane. Årets vinnar er med å viser alle at det er ikkje berre individuelle ferdigheiter som må til, men samspel og korleis ein kan få til fantastiske tonar i lag. Alle er viktige for at det skal låta akkurat rett, der er ingen innbyttarbenk i skulemusikken.

Årets Årdøl 2023 blei Farnes skulemusikk - Klikk for stort bileteÅrest Årdøl 2023 blei Farnes skulemusikk. Lene Risløw

Årets Årdøl er på 5000 kr. i tillegg til ein diplom frå den lokale kunstnaren Reidun Vinda.