Beintøft kampanjen avslutta!
Over 50 000 elever frå heile landet deltok i Beintøft 2024. Saman har dei gått rundt jorda 25 gangar! Skulane i Årdal var med for fyste gang på den nasjonale gå- og sykleaksjonen.
Sist endra 12.11.2024 10:12
Elevar frå 4. til 7. klasse vart oppfordra til å kome seg til og frå skulen på ein miljøvennleg måte, det vil sei til fots, med sykkel eller med kollektiv transport. Jo fleire elevar som gjorde dette, jo fleire poeng samla klassen.
På Farnes skule vant 5. trinn med 2300 poeng berre 100 poeng foran andre plass, 6B. Dei var med på trekninga om den nasjonale hovudpremien.
På Tangen skule vant 6. trinn med 2100 poeng berre 100 poeng foran delt andre plass til 4. og 5. trinn!
Desse to klassane får ein lokal premie, finansiert av foreldreråda - ein aktivitetsdag på Utladalen nasjonalparksenter for heile klassen!
I tillegg er 5. trinn på Farnes skule trekt som nasjonal vinnar for ein av 3 oppdrag, «sei i frå». I dette oppdraget blei elevane oppmoda til å bruke stemmen sin og kome med forslag til korleis me kan gjere framtida vår tryggare. Klassen har fått tildelt 5000 kr av arrangøren, til å bruke på ein miljøvennleg aktivitet i klassen.
Konkuransen var tøff! Gratulera til alle elevane, lærarane og foreldre for den enorme innsatsen!