Biologar på feltarbeid i elvar

Kommunen deltek saman med andre kommunar langs Sognefjorden i eit samarbeid med fylkeskommunen og Statsforvaltaren om å undersøke fleire elver og innsjøar.  Undersøkingane vil gje svar på kva for miljøtilstand vassførekomstane våre har og gje ein peikepinn på eventuell ureining.

Undersøkinga er ein del av arbeidet for at alle innsjøar, elver, kystområde og grunnvatn skal oppnå miljømål etter vassforskrifta. Det er leigd inn konsulentar som skal samle inn og analysere vassprøver og prøver av botndyr og begroingsalgar. Undersøkingane vil etter planen skje i perioden mai-oktober. Resultata frå undersøkingane vil bli gjort tilgjengelege på nettsida Vannportalen (https://www.vannportalen.no/vannregioner/vestland/vassomrade/indre-sogn/rapportar/) i løpet av våren 2025. De kan også få tilgang til resultata på Vann-nett.no, der de og finn informasjon om andre miljøundersøkingar, tiltak, m.m. for dei elvene og vassførekomstane de er interesserte i. Ved spørsmål kan de ta kontakt med vassområdekoordinator på e-post christian.engebretsen.pettersen@vlfk.no eller på telefon 47639165.

KommuneNamn i Vann-nettEv. anna namnID Vann-nettID Vannmiljø (prøvetakingsstasjon)
ÅrdalTya (øvre) 074-188-R074-84654
ÅrdalBekkefelt Årdalsfjorden sørBekk Geisdalen074-42-R074-110178
ÅrdalBekkefelt til GjendeTronteigbekken074-110-R074-100470