Budsjett 2025, økonomi og handlingsplan 2025-2028 - utlegging til offentleg ettersyn

Formannskapet sitt framlegg til budsjett for 2025, økonomiplan 2025-2028 og prisliste 2025 vert i samsvar med kommunelova §14-3 lagt ut til offentleg ettersyn.

Frist for innspel er sett til 10. desember kl. 15.00.

Framlegg til budsjett 2025 og økonomiplan og handlingsplan 2025-2028.

Budsjett og økonomiplan er i balanse og er lagt fram utan saldering med bruk av disposisjonsfond.

Den økonomiske handleevna til Årdal kommune er vurdert  som middels med bakgrunn i resultat på måltala disposisjonsfond, netto driftsresultat og gjeldsgrad.

Utover i planperioden er det planlagt store investeringar. Investering i nytt omsorgssenter og investeringar i vatn og avløp utgjer 85% av den totale investeringsramma. Kommunen har små marginar i drift og investeringar er difor primært lånefinansiert.

Kommunedirektøren har lagt til grunn at det skal leggast fram eit budsjett som gjer at den økonomisk handleevna vert betre. Det overordna biletet frå førre økonomiplan er uendra med innsparingsmål på 40-50 millionar kroner i fireårsperioden. 

Budsjett 2025 og økonomiplan 2025 - 2028 skal handsamast av Årdal kommunestyre torsdag 12. desember 2024.

Innspel:

Ålmenta, dei politiske partia og andre organisasjonar kan sende innspel eller merknader til: postmottak@ardal.kommune.no eller Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen seinast innan 10.12.2024 kl. 15.00.