Den politiske styringa er sett i Årdal

Etter eit oppløp av dei uvanlege etter valet, har Årdal kommune fått nytt formannskap, ny ordførar, varaordførar - og alle utvala med meir er banka inn fortløpande i kommunestyresalen denne føremiddagen.

Ordførar vert vald okt 2023 - Klikk for stort bilete

Christian Sønstlien blei vald inn som ny ordførar i Årdal kommune samrøystes.

Anne Kauppi har fått fornya tillit som vara ordførar idag. 

Ny ordførar tek podiet for fyrste gong - Klikk for stort bilete

Christian tek podiet for fyrste gong som ordførar og takkar for tilliten. Han håpar og at dei politiske kreftene i bygda skal jobba godt saman der alle føler seg sett og høyrt. 

Ny ordførar får innføring i å ta på ordførar kjedet - Klikk for stort bilete

Varaordførar bistod med å få på ordføraren ordførarkjeda for fyrste gong, ho veit det ikkje er berre berre å få på seg dette.