Du kan møte landmålarar i felten
Våren er komen, og med det har sesongen for signalisering og landmåling starta. I samband med prosjektet Geovekst Aurland Årdal 2025 vert det no utført arbeid med plassering av signal og landmåling i terrenget.
Sist endra 10.04.2025 13:40
Desse aktivitetane vil halde fram utover våren, etter kvart som snøen smeltar i dei høgareliggande områda som skal kartleggjast.
I følgje matrikkellova har Kartverket rett til å setje opp signal både på offentleg og privat grunn. Samstundes skal publikum få informasjon om at slik signalisering vil finne stad.
Innbyggjarane må difor rekne med å kunne sjå landmålarar og feltarbeidarar i arbeidet i kommunen vår denne våren og sommaren.
Les meir om arbeidet på Kartverket si heimeside.
Pers oppmåling, Kartverket