Farevarsel på raudt nivå for Årdal
Skulebuss Utladalen
Det vert skulebuss for alle elevane i Utladalen torsdag 31. oktober. Skulen har varsla føresette om dette. Fredag 1. november er det planleggingsdag på skulane.
Gangveg Utladalen stengt
Gangvegen mellom Tronteigen og Ålmenhagen i Utladalen er stengt frå kl. 16.00 onsdag 30. oktober og til uværet er over.
Me ber deg som køyrer på fylkesvegen om å vise omsyn da det kan vere gåande og syklande der. Viktig at du som går eller syklar brukar lys og refleks så du er synlege i haustmørket. Kommunen har ikkje mynde til å sette ned fartsgrensa.
Stor vassføring
Det er venta stor vassføring i bekkar og elvar.
- Bebuarar ved Øygarden, Timmersletti, Storøyni, Tronteigen, Ålmenhagen, Grandane og Bungalowvegen eller andre stader der det er kjent at vassføringa kan bli eit problem, bør vere merksam og gjere naudsynte tiltak for å førebygge ved å sikre og flytte verdiar vekk frå utsette område.
- Gravemaskiner og anna naudsynt utstyr vert gjort tilgjengeleg ved bru i Utladalen, samt begge tettstadane.
Det blir sendt ut varsel dersom fleire tiltak må settast i verk. Kommunen har folk ute som følgjer situasjonen nøye. Teknisk vakt og utedrift har sjekka alle anlegg som førebuande tiltak og er i beredskap.
Vakttelefon til teknisk vakt er telefonnummer 918 57 966.
Ring dette nummeret dersom du ser noko det må varslast om eller du treng bistand til.