Fast stilling som personleg assistent i 1:1 tiltak

Årdal kommune har ledig 80% fast stilling som personleg assistent, frå snarast.

Søknadsfrist: 30. oktober

Kan arbeidet passe for deg?

Til stillinga er det ikkje krav om fagkompetanse, men søkarar med helsefagleg kompetanse og/eller erfaring frå 1:1 tiltak vil bli prioritert. Dine personlege eigenskapar vil bli viktige for oss. Det er krav om førarkort.

Som tilsett hjå ein brukar som treng personleg assistanse må du vere stabil, pålitelig, trygg på deg sjølv og ha gode samarbeidsevner. Det er viktig at du er villig til å yte god service og vere ein aktiv del av kvardagen til eit anna menneske.

Les meir om stillinga og søk her.