Flest drukningsulykker om sommaren: Lær deg vassvettreglane

Norge er eit land med mykje vatn og ei lang kystlinje, og med varmare temperaturar trekkjer fleire mot sjøen og elvane. Nokon gonger kan det gå galt. Me vil difor minne alle om å lære seg vassvettreglane i sommar.

Drukning skjer i hovudsak ved fall frå land, under bading eller ved bruk av fritidsbåt. Rundt 40% av drukningsulykkene skjer i sommarmånadane: juni, juli og august.

Ein ting er spesielt viktig å tenke på: drukning kan skje stille og utan at nokon legg merke til det. Folk som har problem i vatn, kan opptre heilt ulikt. Nokon roper og kaver for å påkalle oppmerksemd. Andre er stille og rolege, og synker utan å bli lagt merke til.

Born som får ansiktet under overflata og vert liggande på magen kan drukne også på grunt vatn, utan at nokon oppfattar at det er ein livsfarleg situasjon.

Hugs at dersom det er fleire vaksne til stede for å passe på barna, så er det lurt å gje ansvaret til ein person om gangen, og heller la det gå på rundgang. 

Les vassvettreglene her: https://skafor.org/wp-content/uploads/2023/03/vannvettreglene.pdf 

Ynskjer alle ein god og trygg sommar.