Friluftsrådet ynskjer innspel - ope møte
Bli med på å staka ut kursen for Sogn friluftsråd.
Ope møte for Årdal kommune 28. oktober - Kantina på Rådhuset, Årdalstangen
Sist endra 24.10.2024 12:52
Sogn friluftsråd vart i februar skipa som eit kommunalt oppgåvefellesskap i regionen, med deltakarkommunane Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster.
Hans Smedegård
Som ein nystifta organisasjon skal me no staka ut kursen til Sogn friluftsråd og ynskjer at dine innspel skal vera med på å forma satsingsområda. Friluftsrådet inviterer derfor interessentar til å koma med innspel i ope møte som vert arrangert rundt om i alle medlemskommunane. Lag og organisasjonar med aktivitet og friluftsliv som føremål vert spesielt oppmoda om å delta.
Her kan du også koma med innspel til tiltak og aktivitetar for Friluftslivets år 2025.
Ope møte i Årdal kommune:
Tid: Måndag 28 oktober klokka 17-19
Stad: Kantina på rådhuset, Årdalstangen