Frivillige organisasjonar kan søke om momskompensasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele i overkant av 2,4 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillege lag og organisasjonar i 2024. Denne ordningen skal fremme frivilleg aktivitet gjennom å kompensere for kostnadar som frivillege organisasjonar har hatt til merverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.  

Det er ope for søknader og søknadsfristen er i år 2.september 2024.

Du kan “Abonnere på varsel”  via Tilskudd.no og du vil bli varslet om søknadsfristen når den nærmar seg.

Frivillege organisasjonar som er registrert i Frivillighetsregisteret og har frivilleg innsats som ein viktig del av verksemda kan søke.  Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrert i Frivillighetsregisteret før 2. september 2024. Dette gjeld og dei som søker via sitt sentralledd. Hugs at registreringa tek litt tid. 

Merk: Dersom organisasjonen er knyttet til eit sentralledd så skal søknaden sendas via sentralleddet. Vær spesielt merksam på at sentralledd kan ha eigne søknadsfristar . Se sentralleddet sine nettsider, eller ta kontakt med dei for meir informasjon.

Det kan søkas etter to modeller: Forenkla modell og dokumentert modell. Minstegrensen for å søke med forenkla modell er 100 000 kr. i søknadsgrunnlaget, og etter dokumentert modell er det 7 000 kr. i faktiske meirverdiavgiftskostnadar. Grensene gjeld ikkje for underledd.

Meir informasjon om ordningen og søknadsskjema finst på nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet