Høyring: kartlegging av behov for parkeringsavgift i Årdal
Kommunedirektøren vil i løpet av hausten ta opp igjen sak om parkeringsavgift i Øvre Årdal, Årdalstangen og parkeringsplassen på Hjelle.
Sist endra 27.07.2023 13:35
Det er derfor behov for å kartlegge korleis ein kan legge til rette for regulering av parkering som igjen kan sikre auka aktivitet innan næringslivet. Per no vert det ikkje lagt fram ulike alternativ på parkeringsavgift, men ei oppmoding om å komme med forslag til løysingar før det vert arbeidd vidare med sak til politisk handsaming.
Har du meiningar, ser utfordringar eller forslag til løysingar så kan du sende dette til postmottak@ardal.kommune.no eller til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen innan 20. august.