Innstilling på ny kommunedirektør er klar

Det politiske tilsetjingsutvalet har no kome med tilråding til kommunestyret på tilsetting av ny kommunedirektør.

Eit samrøystes tilsetjingsutval tilrår kommunestyret å tilsetja Mette Hestetun Berg som ny kommunedirektør i Årdal.

Kommunestyret skal handsame sak om tilsetting av ny kommunedirektør i møte torsdag 12. desember kl. 09.00.