Invitasjon til medvirkekveld til sti og løypeplan og naturmangfaldsplan Lytt til tekstenStopp avspillingÅrdal kommune har iverksett arbeid med sti og løypeplan, og planprogram til naturmangfaldsplanen skal opp til endeleg handsaming i kommunestyret i februar. Sist endra 13.01.2025 09:15 Rigmor Øygarden Sti og løypeplan er ein oversikt over sti-nettverket i kommunen, og planen vil vise framtidig bruk, utvikling og ivaretaking av sti-nettverket.Naturmangfaldsplan er ein oversikt over naturmangfald, og planen vil vise framtidig bruk, utvikling og ivaretaking av naturen.Kommunen ynskjer å samordne arbeidet med desse to planane, da dei har ein tilhøyring til kvarandre. Innspel og medverknad er viktig for å sikre erfaringar og lokal informasjon frå innbyggarane i planarbeidet, og me inviterar til ein kveld der alle som ynskjer kan delta og bidra i arbeidet.Me legger opp til innspel i grupper som vil blir brukt vidare i utvikling av planane. Alle innbyggarar er velkommen i kantina på Rådhuset. Måndag 20. januar frå kl. 17:00 til kl. 19:00.Det vert velkomst og informasjon frå kl. 17:00 til 17:45Innspel i grupper fram til kl. 19:00.Ingen påmelding, berre møte opp.