Kurs i Artsobservasjonar

Årdal kommune er i gang med arbeidet med naturmangfaldsplanen. Sjølv om det er gjort fleire kartleggingar av natur, manglar det kunnskap om natur og artar i kommunen. 

For at myndigheitene skal kunne gjere gode avgjersler, er det viktig at så mykje kunnskap som muleg er tilgjengeleg. Alle kan bidra med å auke kunnskapen om artar i Noreg ved å legge inn sine observasjonar i Artsdatabanken.

Saman med Sabima vil me halde kurs der du lærer å bruke Artsobservasjonar på ein god måte. Du vil her få ein innføring i i viktige innsynsløsningar som Artskart, Naturbase med fleire.

Denne kvelden vil de møte fleire frivillige organisasjonar som vil informere om sitt arbeid for å bevare Årdalsnaturen, og dei vil presentere sitt arbeid som ein del av programmet.

Dato for kurset er 28.april, programstart kl. 17:00 og me avsluttar kl. 21:00. Kurset vil bli avholdt på Rådhuset, og me vil gå ut og gjere observasjonar. Kle deg for å vere ute.

Du må ha med mobiltelefon og PC/nettbrett, men du kan delta kun med mobiltelefon.

Meld deg på ved å kontakte Stine Ohrvik på telefon 952 09 673 eller 
e-post: stine.ohrvik@ardal.kommune.no innan 22. april

Du kan installere appen Artsorakel og lage deg ein bruker på Artsdatabanken på førehand. Me har satt av tid til å gjere dette på kurset i første pause om du ikkje har gjort det på førehand.