Landbruksplan ÅLA 2023-2025
Landbruksplan perioden 2023-2025 for kommunane Årdal, Lærdal og Aurland er no godkjend.
Stine Gruben Breivik
Felles Landbrukskontor ÅLA har på oppdrag frå dei tre kommunane utarbeida landbruksplan med handlingsplan for åra 2023 til 2025.
Planen vart godkjend i kommunane sine kommunestyre på møta i februar.
Planen er no klar til bruk. Den vil vera viktig for utvikling og vidare drift av landbrukseigedomane i dei tre kommunane, og for landbrukskontoret sitt arbeid med landbruksforvaltning.
Dei som ynskjer å søkje om midlar, må å merka seg fylgjande:
- ta kontakt med næringsapparatet i kommunen før du sender inn søknad – landbrukskontoret eller næringsrådgjevar
- det skal vera aktiv drift på landbrukseigedomen og søkjar skal ha rett på produksjonstillegg
- tiltak som krev løyve/godkjenning frå offentlege myndigheiter, må ligga føre, før søknad om støtte vert handsama
- dei tre kommunane har ulike rutinar og søknadsfristar for handsaming av søknadar
Lukka til med det viktige arbeidet med matproduksjon, som vert gjort på landbrukseigedomane i ÅLA!
Felles Landbrukskontor ÅLA
Sist endra 13.03.2023 14:25