Vaksenopplæringa i Årdal har ansvaret for all opplæring av vaksne etter opplæringslova og introduksjonslova for innvandrarar, grunnskuleopplæring for vaksne og spesialundervisning for vaksne med funksjonsnedsettingar.
Skulen har for tiden ca. 70 brukarar og 6 tilsette i tillegg til rektor. Tal og samansetning av deltakere varierer med flyktningsituasjonen i verden.
Årdal vaksenopplæring er samlokalisert med Årdal vidaregåande skule i Øvre Årdal.
Arbeidsoppgåver som lærar:
- Undervise flyktningar, asylsøkjarar og arbeidsinnvandrarar i norsk/samfunnsfag, livsmeistring
- Undevise vaksne som ikkje har utbytte av ordinær opplæring, eller har behov for å utvikle eller vedlikehalde grunnleggande ferdigheiter.
Kvalifikasjonskrav:
Me ønskjer søkjarar med godkjent lærarutdanning og som har erfaring frå undervisning av minoritetsspråklege. Gjerne med vidareutdanning i norsk, spesial pedagogikk og migrasjonspedagogikk.
Den som vert tilsett, må kunne legge fram godkjent politiattest av nyare dato.
Personlege eigenskapar som me ynskjer i våre team:
- Gode mellommenneskelege eigenskapar, engasjement og evne til å ta initiativ
- Evne til samskaping og bidra inn i profesjonsfellesskapet
- Kreativ og utforskande
- Fleksibel, tilpassingsdyktig og utviklingsorientert
- Empatisk og ha evna til å sjå heile mennesket
Ring gjerne til
Jasmin Eminovic, rektor vaksenopplæringa – tlf. 459 79 529 for ein prat.
Me tilbyr
Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
Godt og stabilt arbeidsmiljø med god fagkompetanse og motiverte medrbeidarar
Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Nytilsette kan få eit rekrutteringsstipend på kr. 30 000,-.
Ved kjøp av bustad kan du få eit lån på kr. 50 000,- og tilskot på kr. 30 000,-.