Leverandør til skisseprosjekt for nytt omsorgssenter er valt
Årdal kommune har i vår hatt ute anbod for prosjektering av skisseprosjekt, med opsjon på forprosjekt for bygging av nytt omsorgssenter på Årdalstangen.
Sist endra 24.07.2023 14:47
20 tilbydarar leverte inn anbod til prekvalifisering og fem av desse vart teken med i vidare forhandlingar.
Etter forhandlingane er det no klart at kommunen vil gå vidare med og inngå avtale med Norconsult AS.
Arbeidet med skisseprosjektet vil ta til i midten av august. Det var i utgangspunktet planlagt oppstart arbeide før ferien men etter at kommunen måtte legge ut anbodet på Doffin vart arbeidet utsett til over ferien.
Pål Bjørkhaug, avdelingsleiar for Arkitektur & Landskap hjå Norconsult, seier i ein uttale "at Norconsult-kontora i Årdal, Sogndal og Bergen er særs glade for å ha vorten valt som rådgjevar i samband med utviklinga av det nye omsorgssenteret på Årdalstangen. Vi ser fram til eit godt samarbeid - og saman med Årdal kommune skal vi i lag utvikle eit godt og framtidsretta prosjekt for heile Årdalssamfunnet."
Årdal kommune er glad for å få ein særs røynd samarbeidspart med seg i arbeidet med det nye omsorgssenteret. Framover vil det vere viktig å sikre ei god framdrift samt ei brei involvering av tilsette og brukarar.
Kontaktpersonar for prosjekt nytt omsorgssenter;
Ellen Petrine Fretheim, kommunalsjef teknisk, plan og miljø
Mette Hestetun Berg, kommunalsjef helse, omsorg og NAV