Møte i utval for oppvekst og kultur onsdag 20. november

Det er møte i utval for oppvekst og kultur onsdag 20. november kl. 12.00 i kommunestyresalen. 

Du kan og følgje møtet direkte på KommuneTV.

Aktuelle saker som skal opp er val av kastområde for friidrett, prioritering av spelemidlar, rullering av kommunedelplan og barnehagestruktur for Årdal. Alle sakene kan du lese meir om på innsynsløysinga vår.

I tillegg skal utvalet gå igjennom framlegga som er kome inn til kulturprisen, årets årdøl og ungdommens kulturstipend. Desse sakene er unnateke offentlegheit jf. off. lova §5 utsett innsyn. Streaming av møtet vil derfor bli stoppa når dei skal handsamast.