Norskkurs kveldstid skuleåret 2023-24
Påmelding innan: 20.12.2023, Oppstart: 03. januar 2024.
Årdal kommune tilbyr norskkurs for arbeidsinnvandrarar og private på bakgrunn av at samfunnet og arbeidslivet stiller strengare krav til norskkunnskapar.
Vaksenopplæringa vil tilby kurs på kveldstid skuleåret 2023-24. Det er 2 semester – haust og vår. Det er tal påmeldte som er styrande for om det blir kurs for nybegynnarar eller vidarekomne. Ved påmelding er det viktig at du skriv inn om du er nybegynnar eller vidarekommen.
Det vil vere mogeleg å avlegge skriftleg og munnleg norskprøve fortløpande etter gjennomført kurs. Ved bestått prøve vil kursdeltakar få eit nasjonalt prøvebevis som dokumenterer språknivå. Prøvebeviset kan nyttast som dokumentasjon dersom ein skal søke vidaregåande opplæring, fagbrevutdanning, høgskule/universitet og/eller arbeid.
Pris undervisning vår semester (inkl. læreverk) | kr. 7000,- |
Pris for læreverk
| kr. 1000,- |
Kurslengd | januar – juni 2024 |
Du kan melde deg på kurs her
Om arbeidsgjevaren din skal fakturerast for norskkurs, er det naudsynt med skriftleg stadfesting frå leiaren din.
Stad: Farnesvegen 32, 6884 Øvre Årdal (2.etg Årdal vidaregåande skule)
Kontaktinformasjon: Jasmin Eminovic
E-post: jasmin.eminovic@ardal.kommune.no
Tlf.: 459 79 529
Sist endra 07.12.2023 13:27