Norsun har i dag, 17. desember, meldt oppbud og nærare 70 tillsette står utan arbeid.
Dette er ein trist dag for Årdalssamfunnet seier ordførar Christian Sønstlien, i dag har me først og fremst fokus på dei tilsette.
Sist endra 18.12.2024 14:39
NAV har i dag vore tilgjengeleg på verksemda for samtalar, råd og rettleiing for dei tilsette som har hatt behov for det. Dette arbeidet vil fortsetje utover veka. Regionleiar i NAV er informert og lokalkontoret får bistand frå det regionale marknadsteamet.
Årdal kommune har rigga tenestene for å vere tilgjengeleg for andre samtalar/oppfølging dersom det er nokon som har behov for det og dei berørte kan ta kontakt på telefon 906 99 752 dersom ein har behov for å ha nokon å snakke med.