Oppdatert info tysdag kl. 16.30: gangveg i Utladalen opnar onsdag kl. 16.00

Svalheim bru er opna.

Arbeid med rydding av gangveg ved Ålmennhagen i Utladalen er starta og vegen vert opna onsdag kl. 16.00.

Gangveg stengt

Det har gått ras ved gangvegen mellom Tronteigen og Ålmenhagen i Utladalen. Gangvegen er difor stengt. Skuleborna i Utladalen tek buss i morgon, tysdag, skulen varslar alle foreldre.

Me ber deg som køyrer på fylkesvegen om å vise omsyn da det kan vere gåande og syklande der. Viktig at du som går eller syklar brukar lys og refleks så du er synlege i haustmørket.

Stor vassføring

Akkurat no er det stor vassføring i bekkar og elvar – og det er venta meir nedbør i følgje varsel frå NVE og meterologisk institutt.
Hydro Energi har varsla kommunen om auka vassføring og det er fortsatt varsla mykje nedbør i fjellet. Dei slepp difor vatn i Sitla for å unngå overløp.

Tiltak

  • Bur du i område ved Øygarden, Timmersletti, Storøyni, Tronteigen, Ålmenhagen, Grandane og Bungalowvegen eller andre stader der det er kjent at vassføringa kan bli eit problem, ber me deg om å vere merksam og gjere naudsynte tiltak for å førebygge ved å sikre og flytte verdiar vekk frå utsette område.
     
  • Gravemaskiner og anna naudsynt utstyr vert gjort tilgjengeleg ved bru i Utladalen. Stikkrenne ved bekk ved gangvegen vert rydda for å sikre at vegen ikkje reiser. 
     
  • Det blir sendt ut varsel dersom fleire tiltak må settast i verk. Kommunen har folk ute som følgjer situasjonen nøye. Teknisk vakt sjekkar alle anlegg i løpet kvelden. 

    Vakttelefon til teknisk vakt er telefonnummer 918 57 966. 
    Ring dette nummeret dersom du ser noko det må varslast om eller du treng bistand til.