Resultata for TV-aksjonen klare, og me er godt nøgde.
Dugnadsånden lever i Årdal.
Kvart år klarer årdølene å mobilisera seg og stiller opp som bøsseberar for Tv-aksjonen. Som tidlegare år klarte me å få dekka opp alle dei 83 rodene som me har i Årdal.
Totalt gav Årdølene 393.224 kroner. Dette gjer at me havna på 12 plass i Vestlandet og 69 plass på landsbasis.
I snitt blir det kr. 76,03 pr. innbyggjar. Dette er kr. 26,07 over landsgjenomsnittet som er på kr. 49,96.
Resultatet finn de her
Komiteen i Årdal vil takka alle som stilte opp som bøsseberar. Me vil og takka Sogn Sparebank i Årdal som stiller opp kvart einaste år og teller pengane som kjem inn frå bøssene.
Det er mogligeit å gi til TV-aksjonen helt frem til 1. desember, da blir det endelige resultatet klart.
Har du ikkje fått gitt så kan du gå inn her
Sist endra 23.10.2023 19:19