Røykvarslardagen 1. desember.
Høgsesong for bustadbrannar – sjekk røykvarslaren 1. desember
Sist endra 27.11.2023 10:35
I Årdal og Lærdal har det dei siste fem åra vore 102 utrykkingar til brannrelaterte hendingar. Røykvarslaren reddar liv. Sjekk røykvarslarane på Røykvarslardagen 1. desember.
– Røykvarslardagen er ei viktig påminning om å ta branntryggleiken på alvor når vi no går inn i ei tid der det tradisjonelt oppstår mange brannar. Det viktigaste du kan gjere for branntryggleiken heime, er å sjekke at alle røykvarslarane i bustaden fungerer slik dei skal. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er attlaten, påpeiker Svein Ove Åmås, Branninspektør.
På fredag 1.desember kan du får møte 2 av våre lærlingar på Kiwi i Lærdal. Dei kan gi råd om riktig fyring, piper og eldstadar.
På Årdalsenteret står Branninspektør saman med lokal El tilsyn og gir råd om brannvernrutinar og sikkerheit.
Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom brannvernforeininga, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, det lokale el-tilsynet, brannvesenet og Gjensidige.
På www.roykvarslerdagen.no og www.sikkerhverdag.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.
I veke 49, måndag 4.desember – fredag 8 desember, kjem me til å gå kontroll i bustadar for å gi råd om røykvarslar, sløkkemiddel, rømmingsvegar og brannsikkerheit.
Alle vårt personell er uniformert og går med ID kort. Me kjem på besøk på dagtid mellom 10.00 – 14.00.
Kontaktperson:
Svein Ove Åmås
Branninspektør Årdal og Lærdal
Tlf. 97 57 84 90