Velkomen til årets dugnad frå måndag 22. april til fredag 25. april.
Hent eingangs- og gjenbrukshanskar og sekker på Rådhuset på Årdalstangen og biblioteket i Øvre Årdal frå 8. april og ut heile ryddeveka.
Bruk appen Rydde eller besøk nettsida https://ryddenorge.no/aksjon/ og søk etter Årdal kommune for å sjå kvar de kan sette frå dykk sekkane. Det er oppretta 14 ryddeaksjonar, og sekkane vil bli henta på desse aksjonspunkta 25.april.
Om de hentar ut gjenbrukshanskar, ta dei med heim og bruk dei om att til seinare aksjonar.
Ver oppmerksam på hekketida til fuglane, les meir om dette her
https://holdnorgerent.no/for-fuglene-kommer/
Sist endra 04.04.2025 14:28