Slutt på utlevering av avfallsposar på tenestetorget og biblioteket

I ein overgangsperiode, har publikum hatt høve til å få utlevert grøne avfallsposar (matavfall) på tenestetorget på Årdalstangen og på biblioteket i Øvre Årdal.
SIMAS har no etablert rutiner for utlevering posar og Årdal kommune vil difor ikkje lengre levera ut slike posar til publikum.

Slik får du nye posar:

Du knyter ein pose på matavfallsdunken din når denne skal setjast fram for tømming. Renovatøren vil leggja att ein ny rull med posar til deg når dunken din er tømd.